Velledalen IL beste tremannslag for andre år på rad.
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Feb 2011
I 2010 greidde Velledalen IL for fyrste gong i historia å ta tremannspremien i Fjellsæterrunden. I dag kom nummer to på rappen.
For nokre dagar sidan snakka vi med ein heller mismodig primus motor i langrennsgruppa
-
Nei, i år veit eg ikkje korleis det blir med tremannslag. Kristian (Moe) har nemleg trappa ned. Eg veit ikkje om vi har lag ein gong, sa Svein Nakken då.
Men lag hadde vi. Men berre tre mann. Med andre ord, ingen kunne feile. Og det gjorde dei heller ikkje. Trioen Kenneth Fet, Svein Arne Nakken og Ole Johnny Myrsteh gjekk inn til tida 4.30.41, og det heldt med brukbar margin.
Resultat:
1.Velledalen IL
4.30.41
2. Volda T. & IL
4.35.35
3. Sykkylven IL
4.49.44
4. Valldal IL
5.00.58
Ole-Johnny Myrseth, Velledalen IL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024