VRF treng hjelp - helst straks!

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2011


VRF må ha nytt årsmøte i midten av mars, etter at der fyrste årsmøtet (i går) ikkje makta stable eit nytt styre på beina.



Etter freden i 1945 var det blømande idrettsaktivet i dei fleste bygder. Såleis var det i desse åra seniorlag for fotball både i Velledalen og Straumgjerde. I Velledalen som ei undergruppe under Velledalen IL, i Straumgjerde under IL Ringen.



Men fredsgløden brann etter kvart ut, og tidleg på 50-talet sleit IL Ringen med mannskapsmangel. Det enda med samanslåing av dei to fotballgruppene til ein rein fotballklubb, som i 1952 fekk namnet Velledalen og Ringen Fotballag.



Denne samanslåinga vart ein suksess. Laget gjorde det godt sportsleg med åra 1971 og 1972 som dei aller beste. Siste gongen laget spela i dåverande 3. divisjon
   - som var fylkesserie – var i 1979. Dette etter å ha rykt opp i 1978 med seks spelande trenarar, og etter å ha halde nullen bakover i tolv av 18 kampar.



Siste delen av 80-talet måtte klubben tole ein nedtur i divisjonssystemet etter at dei beste spelarane melde overgang til SIL. Men i 1994 var alle dei beste tilbake i gamleklubben. Dermed eit nytt løft til over tusenårsskiftet med spelarar som Ole Andrè Fet, Eivind Fet, Karl Inge Hole, Kay Ove Lade, Robert Sogge, Jostein Linga med fleire som berande krefter.



Klubben heldt framleis godt seniornivå med god breidde då den store fotballfusjonen i Sykkylven vart eit faktum hausten 2002. Her gjekk det fort i svingane, og pussig nok kom initiativet frå VRF, same året som erverdige VRF fylte 50 år.



Fyrste sesongen, med Frank Suorza som trenar, gjekk godt for den nye klubben. Men suksessen for seniorfotballen i nyeklubben vart kortvarig. Sist sesong, 2010, var laget det siste som stod i 4. divisjon, trass i at fire seniorlag hadde vorte spissa til eitt.

  VRF gjekk på si side frå å vere ein klubb med god drift med stadig rosande omtale i regionavisa, til på eit blunk å bli ”Mr.Nobody” i sunnmørsfotballen. I beste fall eitt innslag kvart år i regionavisa. Ei omstilling som naturleg ikkje fall lett for klubben.



Under årsmøtet i går fekk ikkje VRF eit nytt styre på plass. Fleire postar manglar. Likeeins er det behov for trenarar og lagleiarar. Vil vi at ungane våre skal spele fotball i nærområdet tek vi no


kontakt med Jenny Sylvi Strøm eller Monica Thoresen. Det treng ikkje vere ei stor almisse, om mange nok melder seg til teneste.

  Akkurat no ligg fotballaget vårt på ”sotteseng”. Ein skal vere så ærleg at ein innrømmer det. Held alle seg i ro, eller seier nei til alle spørsmål om hjelp, stoppar kanskje klubben etter 59 år. Vil vi det året før 60 års jubileumet…?



Atle Hole


Tidlegare


spelar, leiar, trenar og dommar