Høgdesølv til Hilde under inne-KM i dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2011

Fyrste dag av innandørs-KM i Sykkylven Storhall er over, med høgdesølv for Hilde Riksheim Tandstad som beste VIL-prestasjon.



Hilde svinga seg over 1,40 meter, som heldt til andreplass. Dimnajenta Renate Grimstad vann med 1.50. I høgde utan tilløp, ei relativt sjeldan KM-øving no til dags, vart rekkefylgja den same. Gull til Renate, sølv til Hilde, som òg var nær medalje i lengdehopp utan tilløp. Her hoppa 2,23 meter, tre centimeter unna i bronseplassen. Sølvet gjekk til Aina Opsal Bakke på 2.29, med Grimstad vann på nytt med
   2,41 meter. I morgon kjem gullet for Hilde sin del på 800 meter – med start klokka 12.30 for dei som vil møte opp.



Ellen Marie Hole har ikkje trena friidrett siste to åra, men slengde seg likevel med på 40 meter. Her vart resultata slik i J 18-19 år:

Renate Grimstad, Dimna IL 5.98
   

 Lilja Fure Olafsson, Ålesund Friidrettsklubb 6.01
   

 Aina Opsal Bakke, Ørsta IL 6.11
   

 Ellen Marie Hole, Velledalen IL 6.15
   

Eit ”come back” bør vurderast.