Innandørs-KM i friidrett
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Feb 2011
I helga arrangerer Dimna IL innandørs-KM i friidrett i Sykkylven Storhall
Og Velledalen IL vert representert i stemnet som går over to dagar. Det startar laurdag klokka 14.00. Sundag er stemnestart sett til klokka 10.00
Kanskje kjem ein ny KM-tittel til Hilde Riksheim Tandstad denne helga..? Ho er i alle fall sterk kandidat på 800 meter i klasse 18-19 år på sundag. I så fall vert det hennar femte som representant for Velledalen IL. Dermed tangerer ho Ann Kristin Fet som har like mange titlar som alpinist. Hilde stiller i fleire øvingar, mellom anna høgdehopp utan tilløp.
Utanom Hilde deltek Ellen Marie Hole på 40 meter. Om VIL vert representert med fleire utøvarar er i skrivande stund uvisst.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024