81-åring på idrettsmerketoppen i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2011
Velledalen IL har mange uthaldande idrettsmerketakarar. Paul Hole toppar lista føre ekteparet Grethe og Odd Kåre Fet.
Statistikken finn ein å lese i årsmeldinga til trimgruppa. Paul Hole, identisk med VIL sin fyrste KM-vinnar frå 1949 (1500 meter for junior), har greidd krava til idrettsmerket 47 gonger. Like bak kjem Grethe Fet med 45, føre ektemannen Odd Kåre med 42. Samla har altså ekteparet Fet lagt bak seg 87 godkjende prøver. Ein sterk pretasjon!
Fet tek òg fjerdeplassen på lista, ved Ragnhild Aurdal Fet. Førebels står ho på 39.
Lista over laget sine idrettsmerkeveteranar ser slik ut:
47 gonger Paul Hole
45 Grethe Fet
42 Odd Kåre Fet
39 Ragnhild Aurdal Fet
26 Arild Lade
25 Nils Terje Skylstad
21 Kari Solaas
20 Svein Helge Hjorthol
For denne gruppa menneske har det å ta idrettsmerket nærast blitt ein livsstil. Svein Hjorthol skal ha idrettskruset for 20 gonger, Nils Terje Skylstad miniatyrstatuetten for 25 gonger. Gratulerer!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024