Gratulerer til sølv-Sondre!
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Feb 2011

I helga var det midtnorsk meisterskap i langrenn for ungdom. Sondre Brunstad Fet kom heim med ein knallsterk andreplass.
Midtnorsk meisterskap omfattar begge trøndelagsfylka i tillegg til Møre og Romsdal. Laurdag gjekk Sondre to kilometer i klasssik stil. Med tida 4.27 var han fem sekund bak vinnaren Ole Morten Flataker frå Hommelvik.
Sundag var distansen tre kilometer i fristil. Der vart det 7.plass på Sondre med tida 9.16. Vinnartida var 8.42.
Olympiameister frå Sappopro i 1972, Pål Tyldum, var premieutdelar. Store deler av løypa gjekk dessutan på hans. Heilt sikkert ei minnerik idrettshelg for Sondre. Prestasjonsmessig den største hittil. Å berre bli slegen av éin trønder i det klassiske rennet er ein susande fin prestasjon. Dei beste trønderane har nemleg for vane å ligge i landstoppen i langrenn.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024