Det Store Folkrennet 3. april

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2011

Siste åra har langfredag vore fast renndag. På grunn av sein påske er rennet flytta fram.



Langfredag er i år 22.april. Då er det etter all erfaring usikkert med snøforholda. Men når langrennsgruppa gjorde avgjerda om flytting, var det eit anna moment som talde like mykje. 22.april ville vore berre
   éi veke før Minikonrad og Konradløpet. To store arrangement med så kort mellomrom kunne blitt i minste laget.



For ja, Det Store Folkerennet har også blitt stort. Ny rekord i fjor med 247 deltakarar. Og vi har enno ikkje hatt fullklaff med vêret. Rennet har på mange måtar blitt hyttefolket i Ladalen sitt renn. Svært mange av deltakarane kjem i denne kategorien.



Men i alle fall; merk av 3. april på kalenderen. Ein lokal vêrprofet har meldt finevêr. Opplegget med staut matstasjon, grilling og heldiggrispremie vert som før. Men èi endring vert det. I 2011 startar konkurranseløparane fyrst, med fellesstart klokka 10.30.


Meir informasjon seinare.