Jibbetrening i Ladalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2011
Magnus Overå frå Sykkylven
Stadig nye fritidssyslar kjem og går. Det siste no er jibbing.
Møt opp ved Sunnmørsalpane skiarena kvar tysdag – i tidsrommet 18.00-20.00 – og spør etter jibberane. Dei har nemleg trening kvar tysdag. Du bør stille i twin-tip ski (krull i begge endar) og du bør polstre dei delane av kroppen som ikkje alt er naturleg polstra.
Dette er ein aktivitet som set krav til mot og koordinasjon. Gruppa har eigen trenar i Espen Berg-Johnsen. Han er kroppsøvingslærar av yrke og har erfaring med jibbing frå Freidig i Trondheim.
Aktiviteten høver tvillaust best for den yngre generasjonen, men ein skal ikkje sjå vekk frå at dette også kan vere noko for kvinner og menn opp mot 45. Men ein bør byrje i det små, og ikkje vere stimpen i kroppen. Nyleg las vi om ein mann som ville kvitte seg med kona si - han sette ho like godt opp på terrorlista. Ein jibbetime kunne vore eit gdot alternativ..
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024