Ringseth-dobbel i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2011
Jan Ringseth vann både hopp og kombinert i klasse 65-79 år på Stavsengfjellet sist helg.
I hoppbakken leverte Jan to jamne hopp. 34,5 meter i fyrste omgang, 34 i den andre. Begge hoppa vart honorert med stilkarakterar frå 12-13,5 frå dommartårnet. Poengsummen 110,3 heldt til 1.plass.
Seinare på dag stod langrenn på programmet for dei som
ville delta i kombinert. Her fekk vår mann tida 10.19. Nok til topplass også i kombinert
Hopprennet i Fjellbakken på Stavsengfjellet samla 35 utøvarar. Kring ti av desse deltok i kombinert.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024