Brubyggarpris til Vallavegen
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2011
Nærare bestemt til Vallavegen 129, for dei som måtte vite kven som bur der.
Det var Svein Arne Nakken i langrennsgruppa som stod for utdelinga av denne prisen. Han har vore mellom primus motorane for fleire av dei naudsynte bruprosjekta som sikrar løypenettet i Ladalen. Spesielt den delen av langrennsløypa som går rundt Nysætervatnet. Og vi snakkar då om bruer som må vere sterke nok til å tole passering av ei trakkemaskin.
I dette arbeidet har skifolket siste åra hatt ein sikker og påliteleg støttespelar i Torgeir Vikstad. Erfaren tømrar så det held, med god peiling på brubygging. Under ”Idrettsgallaen” fekk Torgeir gode ord og heider i form av T-skjorte og blomar for den positive velviljen han har synt.
Vi nemner i same slengen at Torgeir Vikstad også har teke på seg brygygging over Juvelva i samband med den planlagde sykkelvegen frå Fjellsæterskiftet til Holemarka.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024