Kenneth med ”Årets prestasjon”.

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2011

Trimgruppa i VIL har 13 trimpostar. Berre Kenneth Fet har teke alle på same dag.



For den prestasjonen vanka det pris under ”idrettsgallaen”. Han starta på Fet, tidleg ein godvêrsmorgon i august. Ruta var slik: Skogsvegen Fet, Høgsætra, skogsvegen Drabløs, Dammen Riksheimdalen, Brune Straumgjerde, Koppen, skogsvegen Hjorthol, Regndalen, Vellesætra, Brunstadsætra, Holetindane, Myrdalsfjellet og sætreelva i Holemarka, og tilbake til utgangspuntet på Fet.



Kenneth gjekk heile distansen til fots. Ingen sykkel mellom postane her nei. Sjølvsagt ei kraftprøve av dimensjonar, sjølv for personar i god fysisk form.


Det er fritt fram for andre som vil prøve. Vi kan nemne at turen gir 110 trimpoeng på trimgruppa sin differensierte skala.