Årets poengsankar - Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jan 2011
Hilde Riksheim Tandstad hadde ein sterk 2010-sesong, sjølv om skadar øydela siste del.
Ho sette ny pers på alle distansar i baneløp, vann to KM-titlar, var beste jente i Konradløpet og vann ”Jentebølgen” med 1800 deltakarar i Ålesund – for å nemne litt
Men det var som poengsankar, i Møre og Romsdal Friidrettskrins sin cup, ho vart heidra. Samla tok Velledalen IL 46 poeng i krinscupen i 2010. Eller rettare sagt: Hilde tok 46 poeng. Dermed vart VIL nummer åtte av samtlege lag i Møre og Romsdal, og vi kom på fjerdeplass av laga på Sunnmøre. Vi (Hilde) slo ein tradisjonsrik klubb som Ørsta IL. Ingen tvil om at dette kling bra.
Og vi nemner at Hilde samanlagt vart nummer to i krinsscupen i det som heiter lange løp
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024