Årets mest allsidige – Rolf
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jan 2011
Rolf fekk prisen fordi han konkurrerer både til fots, med sykkel og med ski på beina.
Rolf Haxthow er innflyttar til Sykkylven og kom til Velledalen IL etter fleire år i Sykkylven IL. Men då friidretten vart skvisa ut av Sykkylven stadion, var Rolf ein av fleire som skifta beite.
Så vidt vi veit er Rolf Haxthow einaste personen i VIL som siste året har fullført Birkebeinerrittet, Birkebeinerløpet og Birkebeinerrennet. I kilometer er løpet kortast. Her er distansen 21 kilometer (halvmaraton). Det er som løpar Rolf gjer det best. I år gjekk han under merkekravet. På sykkel og ski manglar litt på merkekravet, men ein skal vere tøff for i det heile stille på den trippel kraftprøva.
Rolf har planar om å gjere det same i 2011. Han er i alle fall påmeldt. Og det er ein god start.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024