Mot Konradløp nummer 10 med Torsdagskruset
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2011
Kvar torsdag fram mot Konradløpet 1.mai vert det konkurranse på VIL-nett. Det vert premie kvar torsdag – eit Konradkrus.
Det er ni år sidan det fyrste Konradløpet vart arrangert, og løpet 1.mai 2011 vert det tiande i rekkja. Med andre ord jubileum. Detaljane kring årets løp er ikkje klare enno, men sidan det er jubileum vert det nok venta at arrangøren gjer litt ekstra ut av situasjonen.
I dag startar arbeidet med å byggje opp forventniga fram mot årets løp. Kvar torsdag vil det kome eit spørsmål med svarfrist innan midnatt, og kvar fredag vert det kunngjort kven som vert vekevinnar av eit Konradkrus.
Spørsmåla blir stort sett lette. Ofte med svaralternativ. Spørsmåla vil handle om VIL-relatert idrett. Fleire gonger vil svara vere å finne i VIL-arkivet eller andre stader på nettsida.
Konradkrusa finst ikkje i stort opplag, så premien må seiast å vere eksklusiv. Hiv deg med i konkurransen, fredag 14. januar kan nettopp DU bli den fyrste vinnaren!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024