Turrenn ??
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2011
For ei god veke sidan, den 3. januar, var eg i telefonisk kontakt med Movinkel ved kretskontoret der eg etterlyste nokre skirenn (turlangrenn) på terminlistene. Eg fekk som svar at det primært var klubbane/arrangørane sjølve som skulle legge dei inn på terminlistene, men at kretsen likevel kunne gjere det. Det vart lova at det skulle bli utført i løpet av same dag. I dag, den 12. januar, kan eg framleis ikkje finne turrenna eg saknar. Eg snakkar primært om Fjellsæterrunden i Sykkylven-Fjellsætra som er terminfesta til den 27. februar og Heiåna i Skodje-Engesetdal den 6. mars. (Også Skardilten i Molde-Skaret var lenge ikkje på terminlista, men det er no ordna). Staden eg forventar å finne dei aktuelle turrenna er denne:
http://www.skiforbundet.no/langrenn/Skirenn/Sider/Terminlistevisningturrenn.aspx
Eg synest det er viktig at også desse renna vert synleggjorte før folk vel seg andre renn utanfor kretsen vår!
I den tidlegare nemnde telefonsamtalen fekk eg altså opplyst at det var klubbane/arrangørane som sjølve skulle syte for at skirenna vart lagde ut på terminlistene. Der og då tenkte eg ikkje så mykje på konsekvensane med eit slikt system, men etter nærmare ettertanke og diskusjon med andre klubbar og personar stiller eg meg noko undrande til eit slikt system.
Kva skal vi med ein Skikrets som ikkje skal sørve klubbane "sine" med slike tenester? For meg følest dette som ei av primæroppgåvene til ein skikrets.
I ei tid der dei små ski- og turrenna slit med å få nok deltakarar til arrangementa sine, er det svært viktig at klubbane og kretsane står saman og dreg lasset i lag. Viss ikkje er eg redd desse renna har ei usikker framtid føre seg.
Å hevde at skiinteressa er dalande for dei små lokale turrenna og at det er grunnen til at deltakarantalet er dalande kan kanskje vere eitt argument. Men, vi må samtidig minne om at dei store og internasjonale skirenna som td. Birkebeinerrennet og Holmenkollen Skimaraton er "over-booka" berre minutt etter at det vert opna for påmelding.
Målet må vere å få dei lokale turrenna inn som "treningsgrunnlag" for dei store renna. Skal vi klare dette er det tvingande nødvendig at kretsane hjelper til der dei kan. Å legge ut terminlistene med dei lokale turrenna er nettopp ei slik oppgåve. Og berre på den måten vert dei lokale skirenna våre synleggjorte for folk flest.
Straumgjerde 12. januar 2011
Med sportsleg helsing
Svein Arne Nakken
Velledalen IL, leiar langrennsgruppa.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024