Kulde og manglande matlyst gav underskot

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jan 2011

Romjulsmarsjen 2010 gjekk med underskot, melder kasserer Asgeir.



Vanlegvis plar romjulsmarsjen gå i null, eller med eit lite overskot. Men ikkje i år. 26. desember 2010 vart det underskot – kring tusenlappen -
   vert det meldt frå Brunstad.


Utgiftene går til grendahusleige og til innkjøp av mat. Inntektene er på matsalet, men denne gongen åt rett og slett folk for lite – og dei var for få. Det siste må kulda ta sin del av skulda for.



Slik vart altså endelykta for Romjulsmarsj nummer 32.