Kven vert årets nykomar…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2011
Svaret får ein under VIL sin idrettsgalla i kjellarsalen i Velledalen grendahus sundag 16. januar klokka 18.30.
Til denne prisen har laget tre høgst verdige kandidatar:
Widar Fure
Eivind Fet
Nancy Eggen
Alle desse debuterte i VIL-regi med gode prestasjoanr i 2010. Fure vann Koldabakken Grand Prix, Eivind Fet tok sterk tredjeplass i klasse 40-44 år i Saudehornet Rett Opp, medan Nancy Eggen var skarp i Geiranger halvmaraton, Saudehornet Rett Opp og Oslo halvmaraton.
La det vere nemnt at Eivind tok medalje under veteran-NM i alpint, men då køyrde han for SIL, så det kjem ikkje i betrakting her.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024