Folket sin idrettspris til Svein Arne Nakken

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2011

Ved midnatt vart det klart at Svein Arne Nakken sikra seg ”Folket sin idrettspris”. Det gjorde han etter ein sterk sluttspurt.



Heilt frå det vart opna for stemmegiving for 14 dagar sidan har Inger Riksheim vore i tet. Dama med langt over 500 turar til dei ulike trimpostane, og ny samanlagtrekord med over 700 poeng margin til den gamle, var i leiing til eitt døgn stod att.



Vi såg tendensen eit par døgn tidlegare om at noko var i emning. Men det var fyrst siste 24 timane Svein Arne Nakken fekk det store oppsvinget. Stemmene seig inn med tyngde. Frå Farsund i sør til Rossfjordstraumen i nord. Då sluttsignalet gjekk var han ein relativt klar vinnar. Inger berga andreplassen.



Svein Arne Nakken, 1966-model frå Gylet i Straumgjerde, gjorde sine sterkaste prestasjonar i fjor under Vasaloppet og Holmenkollen Skimaraton. Han var òg med på Velledalen IL sitt lag som vann tremannspremien under Fjellsæterrunden saman med Kenneth Fet og Kristian Moe. Og med åra har han vorte ein stødig merketakar under Birkebeinerrennet. Slik også i 2010.


VIL-nett gratulerer med tittelen, som vert delt ut under ”Idrettsgallaen” sundag 16.januar.



Det kjem meir frå kåringa seinare.