Saknar Bastian Skogvold.
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2010
I eit anonymt skriv til nettsida gjer Bastian Skogvold sin fanklub det klart at dei saknar Skogvold mellom kandidatane til ”Folket sin idrettspris”.
Rett skal vere rett. Skogvold er ikkje nemnt med namn, men der står i teksten at det er fullt muleg å stemme på andre kandidatar enn dei namngjevne. Så køyr i veg !
Vidare vert det harsellert litt med sluttida og plasseringa til Bastian, før det avslutningsvis med tyngde vert sett fram krav om at Bastian Skogvold må bli nominert til prisen ”Årets prestasjon”. Det kan han sjølvsagt bli. Der vil han mellom anna konkurrere mot Kenneth Fet – alle trimpostar på same dag, Jan Ringseth - sølv frå veteran-VM, og Hilde Riksheim Tandstad – to KM, ny pers på alle distansar og 46 poeng åleine i kretscupen i friidrett.
Men det står respekt av Bastian Skogvold sin Birkebeinardebut. Få har debutert under så vanskelege forhold. Til og med ein ringrev som Svein Nakken smurde om eit par gonger sist vinter. Alt i år har Bastian potensiale til å kome inn under fem timar – med gode ski og stabilt føre. Og om fanklubben er i tvil; alle medlemar av VIL er velkomne til å representere laget under Birken og andre renn, uansett nivå. Velledalen IL er ikkje – og har aldri vore – nokon eliteklubb.
Atle Hole
leiar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024