Skikkeleg kniving om ”Folket sin idrettspris”
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2010
Vi visste vi hadde mange gode kandidatar, men ikkje at det skulle bli så jamnt.
Ja, dette teiknar til å bli dramatikk. Siste stemmedag er nyttårsaftan. Stoda 27.desember er at det skil kun fire stemmer mellom dama på topp og mannen på sjetteplass. Det vil seie at alt kan bli endevendt før vi passerer målseglet.
Inger Riksheim brøyter løype i tet. Ho har to stemmer ned til andreplassen, og tre stemmer til ein trio som kjem halsande deretter. Hittil har heile åtte personar fått stemmer.
Som vi før har skrive så vart Jan Ringseth kåra av ein jury til ”Årets Utøvar 2010”. Men no er det altså snakk om ”Folket sin idrettspris”, der alle kan delta i avstemninga. Neste oppdatering kjem 29. desember – sluttresultata kjem 1. januar 2011.
Stem til:
E-post: redaksjon@velledalen.net
Tekstmelding: 917 43 761 eller 915 28 739
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024