Årskavalkade juni 2010
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2010
2.juni: Denne dagen kunne vi melde om ein ”halv” velledaling, Henrik Johan Holmberg, som var teken ut til nordisk meisterskap i mangekamp i Randers i Danmark 12. og 13. juni.
5.juni: Per Steinar Linga brukte 4.26.40 på den 165 kilometer lange turen frå Bergen til Voss. Turen vart tilbakelagt på sykkel. Same dag melde vi at Andreas Tømmervik vart nummer tre i klasse 20-29 år i Ekornesrittet med tida 1.48.09. Jan H. Holmøy vart nr 5 i klasse 30-39 år med 1.43.51. Frode Linga brukte 1.56.27. Nils Terje Skylstad melde om stor trimpostinteresse. Han hadde alt skifta bok på posten Brune i Straumgjerde.
6.juni: Sterk krinscuphelg for Hilde Riksheim Tandstad i Ørsta. Det vart andreplass på 800 meter med 2.26.33- nest beste tid i karriera. Ho vann 3000 meter på 11.15. Det gir ei kilometertid på 3.45. Næraste konkurrent, maria Ringstad frå Dimna, kom inn seks sekund bak Hilde.
7.juni: Nancy Eggen, ei av dei desidert sprekaste løparkvinnene i bygda representerer no Velledalen IL. 1. mai vart ho nest best i Konradløpet, og berre nokre timar seinare vart ho beste kvinne i Eikenosa Opp på Emblem.
10.juni: ”Jentebølgen” vart arrangert i Ålesund med 1850 kvinner i alle tenkjelege fasongar og aldrar på deltakarlista. Hilde Riksheim Tandstad sette samtlege på plass. Sterkt!
12.juni: Gode prestasjonar under krevjande forhold i Geiranger. 854 personar nådde toppen av Dalsnibba i grauttjukk skodde, vind, regn og sludd. Temperatur 0-2 grader pluss.
Nancy Eggen vart nummer tre i klasse 40-44 år i halvmaraton med tida 2.19.22. Olaf Øien nummer tre i 65-69 år med 2.41.26. Rolf Haxthow nummer 8 i 55-59 år med 2.36.17. Kenneth Fet nummer seks i sykkel med 1.37.58. Jan H. Holmøy nummer 41 av 102 deltakarar i klasse 30-39 år med 1.41.30. Mari Straumsheim Leichty nummer 6 i 20-29 år med 2.09.20. Per Steinar Linga nummer 5 i klasse 30-39 år med 1.18.48. Frode Linga nummer 68 i same klasse med 1.59.12, og Torstein Hole nummer 33 i 50-59 år med 1.49.33
18.juni: Gav vi honnør til Sykkylven kyrkje som har skubba konfirmasjonshelgane bakover, slik at det ikkje vert kollisjon mellom Konradløpet og konfirmasjon. Ikornnes kyrkje derimot, har konfirmasjon 1.mai. Same dag melde vi om jubileum for to karar med band til Velledalen IL, nemleg Håvard Hole og Magne Nilsen.
27.juni: Hilde Riksheim Tandstad tok bronsemedalje på 400 meter under senior-KM i fridrett i Elnesvågen. Ho fekk tida 63.60, som er ny personleg rekord med 0,3 sekund.
28.juni: Medaljen til Konrad Extrem 10. juli vart presentert på idrettslaget si nettside.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024