Romjulsmarsj andre juledag

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2010

Romjulsmarsj 2009

26.desember arrangerer trimgruppa i Velledalen IL Romjulsmarsj nummer 32.



Debutåret var 1979. Den gong deltok 147 deltakarar. Arrangementet vart så vellukka at det har vore arrangert kvart einaste år i ettertid. Nokre år har det vore over 200 deltakarar, men normalåret ligg i området 100-200. Det er sjølvsagt eit vêravhengig arrangement, der såpeglatte vegar kan vere vel så komplisert som nedbør.



Det er registrering i Velledalen grendahus med starttidspunkt 11.00-13.00. Kvar ein går er ikkje så nøye, men arrangøren har skissert tre ruter:

Brunstadgarden rundt
   

 Hjorthol rundt
   

 Gå frå Straumgjerde/ til Straumgjerde
   


Elles har trimgruppa trekt ut nokre premiar frå trimbøkene siste sesongen. Og som vanleg kan ein få kjøpt julefrukost.