Fotballheider til velledalingar
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2010
Mellom dei Bengt Hole Alnes som vart toppscorar på FK Sykkylven sitt herrelag denne sesongen.
Bengt, som er 1993-modell, var altså den giftigaste framfor mål hos 4.divisjonslaget som kapra siste ståplassen i divisjonen. Bengt fann nettet ni gonger i serien.
Erika Weiberg-Aurdal (1992) vart Årets spelar på damelaget til FKS, som vart nummer tre i 3.divisjon bak Brattvåg og Sunnylven.
Også på Stranda sitt damelag var det velledalingar som markerte seg. Christina Holmberg fekk pris for flest treningar, Ellen Marie Hole vart Årets spelar. Begge av 1993-modell.
Flotte talent alt i hop, men det speglar litt av nivået når så unge spelarar er dei mest markante på laga sine.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024