Fjellsæterrunden terminfesta
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Des 2010
Langrennskomitéen i skikrinsen var rask i snuinga. Fjellsæterrunden vert arrangert 27. februar.
Så då veit folk når toppforma skal prikkast inn. 27. februar er ein grei dato, men det vert i kollisjon med ski-VM i Oslo.
Elles kjem vi tilbake med meir detaljar frå den komande Fjellsæterrunden når det stundar til renn. Sikkert er det i alle fall at VIL er tittelforsvarar når det gjeld lagpremien for beste tremannslag. Sist vinter sytte Kenneth Fet, Kristian Moe og Svein Arne Nakken for nettopp det.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024