Førjulsmessa med ny nettorekord
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2010
Vi har tidlegare meldt at VRF/VIL si Førjulsmesse gav ny rekord i brutto omsetjing. Etter at alle rekningar er betalte syner også nettoen ny rekord.
I fylgje messekasserar Asgeir Rausand sine siste tal, sit dei to arrangørane att med kring 67 000 kroner når alt er gjort opp. At det skulle bli rekord var venta, ettersom prisen på tombolalappar var auka. Det same var standleiga. Nettobeløpet vert delt likt mellom dei to arrangørlaga.
Dei desidert største utgiftspostane var husleige til Velledalen grendahus og varekjøp i Jokerbutikken.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024