Årskavalkade mars 2010
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2010
1.mars: Kunne ein lese om Nils Terje Skylstad sitt vinterbesøk til trimposten på Holetindane. Ikkje så veldig vanleg med tur dit i månadsskiftet februar/mars.
5.mars: Melde vi at Kenneth Fet vart nummer 65 under junior-NM i Stryn. Rennet gjekk over 15 kilometer i klassisk stil og 127 løparar fullførde i klasse G 18
7.mars: Skileik i området Engjareiten/Rabben med trimgruppa som teknisk arrangør. Same dag vart Svein Arne Nakken nummer 656 i det 90 kilometer lange Vasaloppet med tida 5.08.50. Plasseringsmessig det beste ein VIL-løpar har gjort. Rennet hadde 16 000 påmelde
8.mars: Den Store Sildedagen vart for fyrste gong arrangert på ein sundag. 207 løyste billett. Same dag vart det meldt om 11. plass i juniorklassa i NM i Fjelltelemarkkøyring for Jon Runar Drotninghaug. Rennet vart avvikla i Leikanger i Sogn.
10.mars: Kristian Moe og Svein Arne Nakken sytte for dobbelsiger til V.I.L. i det femte rennet i Strandacupen i langrennn. Tidne var høvesvis 27.13 og 29.48
16.mars: SIL arrangerte bygdameisterskap i langrenn i Søvikdalen med svak deltaking. VIL fekk tre klassevinnarar på tre deltakarar i Kristian Moe, Svein Arne Nakken og Hilde Riksheim Tandstad
Same dag melde vi om sterk skihelg for Team Fet etter renn på Stavsengfjellet og i Tomrefjorden. Sondre Brunstad Fet sikra seg samanlagtsigeren i krinscupen i G 13, medan Kenneth gjorde årsbeste i Tomrefjorden, der han berre var ti sekund bak vinnr Aaland
17. mars: Melde vi at Jan Ringseth kom heim med NM-sølv frå veteranane sitt meisterskap i Vikersund. Jan leia etter 1. omgang, men vart meteren for kort i den andre.
-Litt ergeleg å vere så nær, sa Jan i ettertid.
20. mars: melde vi om fullstendige resultat frå Birkebeinerrennet for VIL sine sju deltakarar (4 merke)
Kenneth Fet nr. 76 i 16-19 år med 3.14.24
Kristian Moe nr. 88 i
30-34 år med 3.11.47
Ole J. Myrseth nr. 249 i 30-34 år med 3.40.02
Sven A. Nakken nr. 296 i 40-44 år med 3.27.36
Andreas Tømmervik nr. 401 i 25-29 år med 4.17.03
Rolf Haxthow nr. 452 i 55-59 år med 4.59.46
Bastian Skogvold nr 581 i 20-24 år med 6.15.59
24 mars: Ungdomstrimmen arrangerte innandørs fotballturnering
25.mars: Velledalen IL passerte 60 grasrotspelarar
27.mars: Velledalen IL sitt lag vart nr 2 i seniorklassa i Sunnmørsstafetten i Volda. Eit lag frå Sogn og Fjordane vann. Kristian Moe opna i klassisk, før Kenneth Fet og Stian Mork avslutta i fristil.
31. mars: Hole Maskiner A/S var klar som startnummersponsor for Konradløpet 2010.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024