Kven vert årets utøvar i 2010
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2010
Som vanleg skal Velledalen IL kåre årets utøvar. Kåringa vil vere klar til jul, men prisen vert ikkje delt ut før under Idrettsgallaen den. 16. januar
Men det kan bli to prisar. Under siste styremøte vart det kasta fram ein tanke om ein Folkets Idrettspris – utdelt på bakgrunn av avstemming mellom menigmann. I tillegg kjem prisen som ein jury skal dele ut. I juryen sit fylgjande personar:
Einar Fet
Bård Erstad
Atle Hole
Vi kjem nærare tilbake til kandidatane som er mange. Siste året har vi fått tilgang i motbakkeløparane Nancy Eggen, Eivind Fet og Vidar Fure. Andre kandidatar kan vere Hilde Riksheim Tandstad med to KM-titlar og personleg rekord på alle distansar i 2010, vi har Jan Ringseth med sølvmedalje frå veteran VM i Slovenia, vi har Kenneth Fet som hadde ein sterk skisesong som mellom anna gjorde at VIL vann premien for beste tremannslag i Fjellsæterrunden. Med i vurderinga kjem òg løparar som Svein Arne Nakken, Kristian Moe, Nils Terje Skylstad, Olaf Øien. Og vi må ikkje gløyme Inger Riksheim med 567 trimboknoteringar. Ja, vi er ikkje redde for å seie det. Kampen om å bli Årets Utøvar har aldri vore tøffare enn i år.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024