Sterk tippemånad og to nye spelarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Nov 2010
Det nærmar seg jul, og det kan sjå ut som folk har auka tippeinnsatsen i håp å sikre millionnærstatus før året er omme.
Vi legg ikkje fram statistikk over grasrotkroner før månaden er omme, men kan alt no røpe at november kjem til å bli betre enn september og oktober. Begge dei månadane enda på 1800-talet i utbetaling for Velledalen IL.
Også på plussida, kjem at vi siste veka har fått to nye spelarar på grasrotlaget vårt. Dermed har vi 70, etter å ha vore stabile på 68 dei to føregåande månadane. Om dei gir seg til kjenne kan vi love dei t-skjorte av det ekslusive slaget
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024