Trimdronninga 2010 heiter Inger Anne Riksheim
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2010
Vi har før meldt at ho vart trimpostvinnar på Brune i Straumgjerde. Ikkje overraskande vann ho også samanlagt.
Til Brune hadde ho 555 turar – eit skremande tal i seg sjølv. Heilt til å bli klam av, for oss passive. I tillegg spedde ho på med tre turar til Koppen og ni i Riksheimdalen. Dette utgjer totalen av det trimgruppa har funne på rullebladet hennar i den avslutta trimsesongen. Men som alle skjønar, det var meir enn nok!
Trimgruppa har summert poengsummen hennar til 3978 poeng – 730 poeng meir enn Geir Helge Grebstad sine 3248 frå i fjor,
som vi då utala som nærast uslåeleg. Ja, ja, så feil kan ein ta i all si kunnskapsløyse.
Vi gratulerer Inger, og avsluttar med fullstendig liste over dei elleve personane som kom over tusen poeng.
Inger Anne Riksheim 3978 poeng
Solveig Olsen
3192
Astrup Kristoffersen 2634
Vigdis Fure 2632
Kjell Olsen 2156
Kjell Magnar Berli 2056
Arnhild Linga 1611
Ivar Arne Flo 1526
Torhold Skogvold 1100
. Nils Terje Skylstad 1042
Greth Fet
1011.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024