Ung herremann på 6.plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Nov 2010
Den yngste personen på trimgruppa si topp-10 liste finn vi på plass nummer seks med totalt 328 turar
Om vi ikkje tek mykje feil, har alle personane på topp-10 lista – med eitt unnateke – passert 50 år. Og den unge herremannen er ikkje i 40-åra eller 30-åra heller. Nei, vi må heilt ned på 20-talet for å finne den desidert yngste på lista, Kjell Magnar Berli
Men sterke 328 turar og 2056 poeng, heldt ikkje til meir enn 6.plass denne gongen. Kjell Magnar har denne imponerande turporteføljen siste året:
4 turar til skogsvegen Hjorthol, 24 turar til sætreelva i Holemarka, 110 turar til Brunstadsætra, 170 turar til Vellesætra, 4 turar til Koppen, 3 turar til Myrdalsfjellet, 6 turar i Regndalen og 7 turar til Holetindane.
Sprekt, Kjell Magnar!
I morgon vert mannen på 5.plass presentert.
6. Kjell Magnar Berli 2056 poeng
7. Arnhild Linga 1611 poeng
8. Ivar Arne Flo 1526 poeng
9. Torhild Skogvold 1100 poeng
10. Nils T. Skylstad 1042 poeng
11. Grethe Fet
1011 poeng
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024