Spesialist på 8.plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Nov 2010

Når vi kallar mannen på 8.plass for spesialist, er det fordi vedkomande har alle turane sine til same turmål.



Men det dreier seg om ikkje mindre enn 218 turar, alle til Dammen i Riksheimdalen. Vi vil tru at 218 turar dit i løpet av eitt år, utgjer noko slikt som 0,3 årsverk. Gratulerer Ivar Arne Flo, med 1526 gilde, og vel fortente poeng.



For kring eitt tiår sidan, ville ein slik poengsum vore godt nok til samanlagtsiger. Men i 2010 heldt det altså berre til 8.plass. Det er med andre ord utvikling også mellom mosjonistar, til liks med dei som driv meir ”målbare” idrettar.



I morgon, laurdag 13. november, avslører vi 7.plassen



8. Ivar Arne Flo
   1526 poeng


9. Torhild Skogvold 1100 poeng


10. Nils Terje Skylstad 1042 poeng


11. Grethe Fet
   1011 poeng