Gratulerer Sara !
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2010
I dag sender vi ei lita helsing til Sara Petra Brunstad Bø som fyller 90 år.
Dette gjer vi ikkje fordi Sara har vore prøvehoppar i Brunstadbakken om nokon måtte tru det. Men Sara har heilt sikkert vore på renn i denne bakken.
Nei, vi helsar mellom anna fordi Sara er ein av V.I.L. sine tidlegare medlemar. Ho står mellom anna i medlemsregisteret så tidleg som i 1953. Kanskje var ho medlem før det, men diverre var føringa mangelfull på denne tida. Og dessutan var medlemskap i idrettslag helst ein ”manneting”denne tida.
Men det Sara har vore særdeles god på, og der idrettslaget og andre lag er henne stor takk skuldig, er hennar enorme kapasitet og kompetanse på basarar/marknadar. Der har Sara i alle år vore ein einar. Om vinninga ikkje allltid har stått i stil med satsinga har spela lita rolle. Lysta har alltid vore der, og ho gjekk på det som var. Sara støtta alle.
Sara Petra Brunstad Bø er eit eineståande godt eksempel på
basargenerasjonen i Velledalen. I dag ein av få attlevande – enno eit eksempel på at tidene endrar seg. Og ikkje alltid til det betre……
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024