Trimgruppa sine 13 postar – 11 over 1000 poeng

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Nov 2010


 I dag startar presentasjonen av dei fremste trimposttrimmarane. Dei næraste dagane skriv vi litt om alle som har samla meir enn 1000 poeng i siste trimår. I dag nummer elleve med 1011 poeng.



Då reiser vi til nedre del av Velledalen. Nærare bestemt Fet. Der bur dama som flest gonger har greidd idrettsmerkekrava i Velledalen (er no godt på veg mot 50). Dei som kjenner idrettshistoria i dalen veit at vi då snakkar om Grethe Fet, gift med Odd Kåre, i Jogarden.



Vi har tidlegare presentert Grethe som vinnar av trimposten Skogsvegen Fet. Der hadde ho godt over 200 turar. Men turar dit vert dårleg betalt på poengskalaen, så Grethe har nok vore innom fleire andre postar, sidan ho smaug seg over 1000 poeng. Alle forstår at nivået er skyhøgt, når 1011 poeng berre held til ellevteplass. GRATULERER GRETHE !



I morgon presenterer vi personen på tiandeplass. Vi kan røpe at det er ein mann.




11. Grethe Fet
   1011 poeng