Små daglege drypp
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2010
Kanskje visste du det ikkje. Velledalen IL har konto hjå Norsk Tipping, og den kontoen aukar mest kvar einaste dag året rundt.
På noverande tidspunkt er det 68 personar – som vi ikkje veit kven er – som syter for pengeflyten. Desse 68 personane har spelekortet sitt registert på Velledalen IL som sin grasrotmottakar. VIL får fem prosent av summen desse 68 TIPPAR for, null prosent av det dei vinn. Og dei er flinke. For ein eller fleire av dei tippar kvar einaste dag. Idrettslaget veit ikkje kven som tippar, men vi veit kor mykje kontoen vår veks kvar dag. Det ligg på nettet slik at alle som vil kan sjå det.
For at folk skal bli heilt klar over korleis dette fungerer skal vi ta føre oss sist veke.
Måndag 1.november: kr 10,- inn på konto som betyr at det vart tippa for kr. 200,-dagen før
Tysdag 2. november: kr 14,- inn på konto som betyr at det vart tippa for kr. 280,- dagen før
Onsdag 3. november kr 222,- inn på konto som betyr at det vart tippa for kr 4440 dagen før
Torsdag 4. november kr 53,- inn på konto som betyr at
det vart tippa for kr 1060 dagen før
Fredag 5. november kr 26,- inn på konto som betyr at det vart tippa for kr 520 dagen før.
Laurdag 6. november kr 18,- inn på konto som betyr at det vart tippa for kr 360 dagen før
Sundag 7. november kr 96,- inn på konto som betyr at det vart tippa for kr 1920 dagen før
Totalt denne veka: 439 kroner inn på konto, etter at våre 68 spelarar totalt har brukt 8780 kroner på tipping i løpet av ei veke. Dette er heilt i tråd med vekesnittet gjennom heile året – kanskje ørlite i underkant.
Norsk tipping har utbetaling tre gonger i året. Noverande periode går ut 31 desember. Då gnir kasserer Asgeir Rausand seg lett i hendene og humrar. Og han sender eit tankemessige takk til dei personane som på denne måten investerer i trim og trivsel i lokalmiljøet i eit omfang som er seks gonger det kommunen er i stand til gjennom sine kulturkroner – berre for å setje det i perspektiv.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024