Årskavalkade 2010 – Januar

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2010

Månaden slutta godt for team-Fet, her støtteapparatet under sprint-KM

 1.januar: V.I.L.-nett melde om 1661 treff på sida i desember 2009
   

 2.januar: Velledalen IL fekk 15736 grasrotkroner i 2009 (1.mars-31. desember). V.I.L, VRF, Velledalskoret og Skulekorpset fekk samla 26454 kroner på 108 registrerte spelarar. Det betyr at samla tippeinnsats for desse 108 var om lag 530 000 kroner.
   

 Kenneth Fet nummer 4 i klasse G 18 i dobbel jaktstart i Valldal, vart meldt 3. januar
   

 10.januar melde vi at Sverre Gunnar Brunstad vann klasse M 40, og vart nummer seks totalt, i eit fjellmaraton med samla stigning på 2000 høgdemeter i Hong Kong. Tid 4.01.14
   

 13. januar vart Svein Arne Nakken beste seniorløpar i årets fyrste Strandacuprenn. Svein brukte 28.47, og hadde god margin til sin einaste konkurrent Fridtjof Fredriksen.
   

 Jan Ringseth brukte januar månad til å finpusse hoppforma i Fjellbakken på Stavsengfjellet, då det nærma seg sesongens høgdepunkt – veteran-VM i Slovenia.
   

 Midt i januar deltok Hilde R. Tandstad i UM-samling i Sykkylven Storhall, der mellom andre Veslemøy Hausken var mellom instruktørane
   

 Kenneth Fet vart nummer ni i Vestlandsmeisterskapet i sprint i Stryn. I det klassiske distanserennet tok han ein sterk sjetteplass. Sondre Brunstad Fet, med begge foreldra frå Velledalen, hanka inn ein framifrå tredjeplass på sprinten.
   

 19. januar tok Kristian Moe (1) og Svein Arne Nakken (2) dobbelsiger i det fyrste rennet i sykkylvscupen i langrenn i Søvikdalen
   

 26. januar vart andre rennet i Strandacupen arrangert. Frå V.I.L. seniorgruppe deltok Kristian Moe, Svein Arne Nakken og Andreas Tømmervik
   

 27.januar heldt Velledalen IL ekstraordinært årsmøte, med det resultat at hovudstyret vart utvida til sju personar og Atle Hole heldt fram som leiar. Asgeir Rausand og Marit Hole kom inn som nye
   

 Naudskrik frå herretrimmen: - Kvar er karane mellom 20-40 år i dalen?
   

 I artikkelen ”går det mot avvikling..?” retta Atle Hole søkelyset på sykkylvsfotballen etter samanslåinga. Den harde kjerne i FKS likte ikkje artikkelen.
   

 Høgdepunktet på langrennsida kom på månadens siste dag. Kenneth Fet nr 2 i G 18 i KM klassisk sprint i Hyttehola (Sunnylven). Sondre Brunstad Fet KM-vinnar i G 13