Frå svunnen tid – i dag historisk klipp frå 1981

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Okt 2010

Per Hole- Drabløs prøver hesteskokasting under aktivitetsdagen 2010

I tida framover vert det presentert ein del historiske klipp. Vi opnar med ein aktivitet som den yngre generrasjon diverre knappast kjenner.



Legg merke til personane i styret. Bortsett frå Arne Olufsen var fem av medlemane i 20-åra, Inger Marie Lie var under 20. Kvar er denne aldersgruppa i dag vil nokon sikkert spørje ?. Og med rette. Her hadde V.I.L. altså fem medlemar i 20-åra berre i hesteskokastargruppa. Til samanlikning kan nemnast at V.I.L siste ti åra knapt har hatt medlemar i denne aldersgruppa, og då reknar vi heile medlemsmassa. Håper du tykkjer dette er fornøyeleg lesnad.



Kos deg med:


ÅRSRAPPORT FRÅ HESTESKOGRUPPA I V.I.L 1981



STYRE:


Pål Rune Lødemel, Bjørn Lade, Inger M Lie, Arne Olufsen, Jostein Solheim, Kristbjørg D. Bolstad, Knut Hjorthol.



STEMNE:


14. mai. Klubbmeisterskap single. I årets fyrste styrkeprøve var det Laila Ødegård og Harald Tennøy som hadde forma inne. 10 damer og 22 herrar tok del, noko vi må vere fornøgd med ettersom stemnet gjekk i fjøstida ein torsdagskveld.



23.mai. Velledalsmeisterskap (VM) mixed-double. 16 lag tok del i eit stemne der det tydeleg kom fram kven som hadde nytta våren til trening som det sømer seg ein hesteskokastarspire. Inger Marie Lie og Atle Hole gjekk i spann og slo ut all motstand.



24.mai. Velledalsmeisterskap double. Damene kasta for fyrste gong etter eit seriesystem, utan at nokon av den grunn makta ta sigeren frå duoen Inger M. Lie/Oddny Brunstad. I herreklassa vart ”Bøtelane”, Per og Kåre Hole Drabløs; for sterke.



21.juni. Kretsmeisterskap double. Omfattande innbyding sendt ut til gamle og nye lag og distrikt. 12 damer og 72 herrar tok del. Vinnarar: Inger M. Lie/Oddny Brunstad, og Jan Hole Drabløs/Jon Hole Drabløs



27. og 28. juni: NM-double på Breim. Stemnet gjekk på grus. Sterke plasseringar i dameklassa. Dei fleste utanom V.I.L. nytta grevsko.



15. og 16. august: NM single i Velledalen. Det mest omfattande stemnet vi har arrangert, 225 deltakarar. Stemnet gjekk på gras, med flatsko. Bra vêr – men det dårlegaste det he vøre nøkinj gong. Tomme hesteskohyller hos B.S.Aure i lang tid.
 Damer: 1. Inger Marie Lie 2.
 Åsta Myrmel, Jølster, 3. Laila Ødegård. Herrar: 1 Jon Hole Drabløs 2. Gustav Dalset 3. Geir Sørebø, Søreide.

  Vi hadde under NM eigen premie-komité som gjennom stor innsats samla inn gåvepremiar frå heile bygda, og varta opp med eit enormt premiebord. Alle som gjekk vidare til søndag (64 herrar og 16 damer) vart premierte. Det var stort oppbod av funksjonærar, vi hadde samband mellom banene og sekreteriatet, og rask og god resultatservice. Vi hadde òg fast bane for presisjonskasting kvar dag. Populært og inntektsgivande.


Også nytt: Presse-NM. Gullsko til Bygdaposten, sølv til Sunnmørsposten, bronse til Sunnmøringen.



29. og 30 august: Øye-cupen i tradisjonell stil, men denne gong kun med mixed double. 32 lag tok del, og alle dei 32 laga gjekk vidare til søndag. Vinnarar og poeng i Sykkylvsbladet sin vandrepokal. 7 poeng: Edvard Nordang/Britt Flo, 5 poeng: Kjell Nilsen/Laila Ødegård, 4 poeng: Karl/Ann Kristin Hole, 3 poeng: Jan Ove Skogvold/ Torhild Horsevik, 2 poeng: Kjell/Alvhild Standal, 1poeng: Einar Dalheim/Tove Åbelvold



Vi samarbeidde også i år med Union hotell og skipa til dans fredag og laurdag til musikk ev Grindes. Ei populær helg og ein tradisjon ein må prøve halde oppe også i framtida.


  For hesteskogruppa


  Bjørn Lade
   Pål Rune Lødemel