Førjulsmessa fullteikna
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2010
Førjulsmessa til VRF/VIL er no fullteikna. 30 utstillarar er fleire enn vi har plass til.
Men når dette talet så vidt går er det fordi tre utstillarar stiller berre laurdag, to berre sundag. Elles er det meste i rute med loddbøker på bygda og tombolalappar under rulling. Om nokon melder seg etter dette tidspunkt vert det venteliste. Det kan likevel gi plass om nokon melder avbod. Det har hendt før, og vil heilt sikkert skje igjen.
Vi kan mellom anna nemne at Sykkylven sogenemnd er på mellom dei påmelde. Dei vil ha boklansering på innflyttarboka under messa. Etter alle solemerke ei god salsvare.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024