Trimpostresultat frå Skogsvegen Drabløs
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Okt 2010
Skogsvegen Drabløs ligg på 11.plass på lista med 144 som besøkstal i løpet av 365 dagar. Skuffande lite ettersom turen korkje er spesielt lang eller krevjande.
I trimgruppa sin sluttrapport er fylgjande notat skrive om nettopp denne trimposten. Sitat:
-
Vi har gitt skogsvegen på Drabløs ein sjanse til, sjølv om vegen framleis må reknast som ei pasmark. Dersom dei ansvarlege for vegen er i tvil om kva som kan gjerast, kan ein studietur til andre sida av dalen vere til hjelp. Der er skogsvegen på Fet eit godt døme på korleis det kan gjerast.
Resultata for siste året vart slik, med berre tre namn på lista.
85 turar: Annlaug Lervåg
10 turar: Jens Birger Lervåg
7 turar: Petter Hole-Drabløs
I morgon kjem resultata frå Koppen, som har tiandeplassen på lista
11.plass skogsvegen Drabløs med 144 besøk
12. plass Holetindane med 112 besøk
13. plass Høgsætra (Fet) med 91 besøk
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024