Opprykk for Ole Johnny
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Okt 2010
Ole Johhny Myrseth er ein allsidig idrettsmann. Han er syklist, han greidde merke i Birkebeinerrennet som deltakar for V.I.L., og i helga rykte han opp som fotballspelar.
I fotball har Ole Johnny representert Hovdebygda i 2010-sesongen. Laget vann avdelinga si i 5. divisjon etter hard kamp med Sunnylven og Åheim. Dermed vert det opprykk til 4. divisjon for laget frå Ørsta kommune. Det betyr at laget neste sesong skal bryne seg mot FK Sykkylven.
Vi gratulerer Ole Johhny med opprykket.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024