GRATULERER ROLF OG OLAF

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Sep 2010

Begge VIL sin utøvarar i Birkebeinerløpet greidde merkekravet – sterkt levert!



Olaf Øien kom inn til sluttida 1.51.05 i klasse 65-69 år. Merketida lydde på 2.08.23, så Olaf hadde over 17 minutt til gode på den.



Rolf Haxthow starta i klasse 55-59 år. Han var tre minutt og 30 sekund raskare enn Olaf gjennom den 21 kilometer lange løypa. Med tida 1.48.35 hadde han nokså nøyaktig tre minutt til gode på merketida som var 1.51.34 i denne klassa.



Roger Malvin Hole starta i klasse 40-44 år. Han noterte gode 1.45.54 ved målgang, men etter som han er yngre var òg merketida kvassare. Den lydde på 1.42.25, så Roger, som representerer Gjelleråsen IF, var 3.29 bak den magiske tida denne gongen.



Vi melde i går at Torstein Hole var mellom dei påmelde. Vi finn han diverre ikkje på resultatlista, noko som truleg betyr at han ikkje har starta.



Nettsida til idrettslaget gratulerer dei to veteranane. Slike karar er vi stolte av!