Jan Helge og Per-Gunnar i Mesternes Mester
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Sep 2010
Storarrangement på Stranda i helga der 22 seksmannslag kjempa i Mesternes Mester. Mellom dei 132 som deltok var Jan Helge Myhre og Per-Gunnar Holmberg.
Jan Helge Myhre, bror til Asle på
Brøvoll, bur på Stranda. Han deltok på laget”Hjevn ?”. Per-Gunnar deltok på laget
” Synnøve`s styre og stell”. Alle laga var gjennom tolv øvingar. Vi nemner: Tom Nordlie-test, luftgeværskyting, golf, basketballkasting, kast med halvstor ball, presisjonsskyting med fotball, boccia, hinderløype, bering av Nofo-kanner, 4x400 meter stafett, Newton og Quiz.
Vinnarar vart laget som heitte ”Det beste laget”, også dette med ein sykkylving på laget. Vinnarlaget i Mesternes Mester 2010 hadde fylgjande representantar: Kenneth Korsbrekke, Frode Rusten, Roger Horremsbakk, Thomas Hove, Hans Sveipe Arnulf og Leif Erik Antonsen.
Rapportane frå Stranda seier at begge karane med velledalsblod i årane gjorde ein fin figur
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024