Trimbokinnspurten i gang.

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2010

Det nærmar seg oktober månad. I månadsskiftet samlar trimgruppa inn bøkene på samtlege postar – og legg ut nye som markerer starten på neste sesong.


Det betyr at ein har kring tre veker på seg om ein vil plusse på poengkontoen sin. Vi gjer merksam på at alle trimbøkene ikkje treng bli bytta same dag. Det betyr at sesongen ikkje er på dagen lik på kvar post. Men, når Nils & Co har lagt ut ny bok, er det signal om ny sesong på den aktuelle trimposten. Så enkelt er det, og det nyttar ikkje klage.



Som vanleg vil trimgruppa sette opp ei topp-5 rangering på kvar post, og ei samanlagtliste med namnet på dei ti største poengsankarane totalt.



I 2009 vart Geir Helge Grebstad totalvinnar med Regndalen som spesialitet. Han sette òg ny poengrekord. Rykta seier at Grebstad har satsa på andre syslar denne sesongen, slik at trimtrona ligg vidopen.



Tidlegare i sommar sette Kenneth Fet ny dagsrekord poengmessig, då han var innom samtlege postar på same dag. Den rekorden reknar vi med står seg ut året – i alle fall.