Tour de Sykkylven

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2010

Den 17. etappar lange stafetten med start og mål på Dalemyra er terminfesta til laurdag 11. september.



Arrangementet er eit samarbeid mellom Velledalen IL og Sykkylven Sykkelklubb, og vart fyrste gong arrangert i 2009 med fire deltakande lag. Arrangørgruppa har bestemt at minst fem lag må melde seg i år, elles vert det inga avvikling. Fristen for påmelding gjekk ut 1. september.



-Og korleis er påmeldinga, spør vi Terje Aurdal i førebuingskomitéen.


-
  
 Den er dårleg. Berre to lag då fristen gjekk ut


-
  
 Er det håp om fleire ?


-
  
 Håp er det. Vi skal ha møte i kveld, Då vert den vidare strategien lagt.


-
  
 Kvifor er påmeldinga så dårleg ?


-
  
 Vanskeleg å seie, men vi kolliderer med avviklinga av ”Mesternes Mester” på Stranda og motbakkeløpet Varden Opp i Sula kommune. Kan hende vi har for mange etappar slik at det vert i meste laget med organisering, seier Terje Aurdal på telefon frå eit ferjedekk mellom Liabygda og Stranda


-
  
 .



Det betyr at ”Tour de Sykkylven”, der Velledalen IL sitt lag i fjor vart nummer tre, førebels heng i uvissa.