Mindre pengar til idrettsskulen
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2010
Sykkylven idrettsråd (SIR) har fordelt dei statlege pengane som går til aktivitet for aldersgruppa 6-19 år. SIR skar ned mellom anna til Velledalen idrettsskule og VRF sin fotballskule.
Møtet vart det ein kan kalle ein smule dramatisk. På møtet kom det forslag om å redusere tildelinga til Velledalen idrettsskule, VRF sin fotballskule, Ekornescup, ”Barn i løypa” og liknande arrangement.
Dette trass i at det var i strid mot tilrådinga frå administrasjonen, og lik eins mot tidlegare praksis. I statuttane for tildelinga av desse midlane står det heilt klart at idrettsskular skal ha prioritet. Og strengt teke er vel idrettsskulen i Velledalen einaste tiltaket av dei ein ville ta pengar frå, som går med underskot (femsiffra beløp
kvart år, i tillegg til foreldrebetaling differnsiert ut frå prisen på dei ulike aktivitetane).
Forslaget gjekk på at dei pengane ein sparte med å ta frå dei nemde tiltaka, skulle delast likt ut som grunnbeløp til alle laga. Reprentantane til VIL, VRF og Golfklubben – alle frå Straumgjerde – stemde mot. Hundeidvik IL, Ikornnes IL og Sykkylven motocrossklubb sine representantar stemnde for endringa. Dermed stod det 3-3, og leiaren si dobbelstemme avgjorde at det blir mindre pengar til mellom anna Velledalen IL sin idrettsskule og VRF sin fotballskule.
Det høyrer med til soga at Sykkylven IL sin representant var fråverande. Med han på plass ville utfallet vorte eit anna, då SIL var laget som tapte mest av alle.
Sett med VIL-auge, og heilt sikkert idrettsnøytrale auge, er det skremande at bygda sine øvste idrettsleiarar, samla i eit råd, ikkje har større respekt for gjeldane statuttar som vedkjem tildelinga av statlege kroner. Alle ære til dei tre straumgjerdingane, og spesielt golfklubben sin representant. Golfklubben ville nemleg fått meir i eigen pung ved å stemme med ”vinnarane” i denne saka.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024