Positivt terrengløp – 20 deltakarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Aug 2010
Mykje fin idrett under terrengløpet som var delt i tre grupper. Ei for vaksne, ei for ungar 2001-2003 utan tid og ei for aldersgruppa 1998-2000. Litt skuffande at ingen tenåringar såg seg syn med å delta.
Langrennsgruppa hadde gjort ein fin jobb og kunne by på ei variert løype på kring 500 meter. Fleire av deltakarane imponerte. Det vi kanskje hugsar best frå løpet er Oskar Bakken sitt flotte, eksplosive taktomslag kring 100 meter frå mål. Det overrumpla konkurrentane, og han heldt heilt fram til målstreken. Det kan ein trygt kalle eit taktisk velregissert løp på høgste nivå.
Deltakarar yngste klasse: Samuel Drabløs (2001), Bernt Ove Holen (2002), Sivert Nakken (2003), Andreas Nakken (2003), Nikolai Nilsen (2002), Johanne Hjortdal (2002), Sandra Brunstad (2001), Sofie Skylstad Hole (2001), Oskar Johan Bakken (2002)
Born med tidtaking:
1.49 Jørgen Garli (2000)
1,51 Lars Urke Hjorthol (2000)
1,54 Tobias Nilsen (1998)
2,07 Lene Katrine Hole (1999)
2,15 Elias Urke Brunstad (1999)
2,16 Snorre Drabløs (1999)
2,17 Emma Olin Holmberg (1999)
2,17 Jens Hjortdal (2000)
Vaksne:
1,28 Svein Arne Nakken (1966)
1,37 Jon Hjortdal (1968)
1,42 Per Gunnar Holmberg (1957)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024