Aktivitetskvelden – Lidvar Nilsen best i kast

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Aug 2010

Lidvar Nilsen var den einaste som smaug seg over 30 meter i spydkast under aktivitetskvelden. Han var òg lengst i sleggekast då han smaug seg inn i damene sin konkurranse.



Sleggekast er ei litt farleg øving, på den måten at det er vanskeleg å kontrollere retninga på kastet. Difor har vi i utgangspuktet berre sleggekast for kvinner. Dei kastar kortare, og er såleis litt mindre farleg når ein ikkje har sikringsnett



Resultat sleggjekast:


10,0 meter: Monica Hole

  9,0 meter: Kari Hjorthol

  6,0 meter: Anette Fet (beste tenåring)



Utanfor konkurranse:


12,90 meter: Lidvar Nilsen



Spydkast fenga. Her var det mange som ville prøve. Ei stund såg det ut som Geir Helge Grebstad ville ta kaka med eit kast på 29, 10 meter. Det vart kasta med det ein kan kalle damespyd (same vekta). Dei yngste kasta med eit lettare spyd.

  Men heilt mot slutten drog Lidvar til med 30, 10 meter – eit uslåeleg resultat denne dagen. Lidvar hadde fleire fine kast utanom vinnarkastet, vi nemner 27,12 – 28,30 og 28,60.



Resultat spydkast, 600 gram


30,10 meter: Lidvar Nilsen


29,10 meter: Geir Helge Grebstad


27.80 meter: Jon Hjortdal


23, 70 meter: Rolf Haxthow


21,85 meter Torje Bjørneset


21,30 meter: Hilde Tandstad (beste kvinne)


19,70 meter: Ole Peder Holmberg


16,50 meter: Sondre Skylstad


16,10 meter: Ove Magnus Ødegård


15,70 meter Nils Terje Skylstad


15,50 meter: Håkon K. Brunstad


14,80 meter: Per Gunnar Holmberg


12,40 meter: Inger Riksheim


11,70 meter: Anette Fet



Dei yngste:


12,30 meter: Jørgen Garli

  9,90 meter: Nikolai Nilsen

  9,30 meter: Bernt Ove Holen

  8,00 meter: Emma Olin Holmberg

  6,10 meter: Sofie Skylstad Hole

  5,60 meter: Sandra Brunstad

  3,90 meter: Sivert Nakken

  3,60 meter: Andreas Nakken