Per Steinar Linga sterk i Sykkylvsrittet.
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2010

Det 66 kilometer lange Sykkylvsrittet vart arrangert i dag, og einaste velledaling i rittet, Per Steinar Linga, var med i gruppa på tolv syklistar som spurta om totalsigeren. I alt deltok 36 syklistar i rittet.
Det enda med at Per Steinar vart nummer tre i klasse 30-39 år, med tida 1.41.32. Same tid som Karl Erik Kravik og Christian Birkeland, begge ÅOC, som tok dei to fyrste plassane i klassa. Det vil seie at Per Steinar heldt ei snittfart på 39.00 kilometer i timen.
Biletet er henta frå Hjorthol, ein stad unge herr Linga burde kjenne seg på heimebane. Som vi ser ligg vår mann på tredjeplass totalt på dette tidspunktet. Det høyrer med til soga at Per Steinar sykla eit kring fire mil langt ritt dagen før.
Det er mange måtar å byggje seg opp til sauesankinga på.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024