TUR TIL PATCHELLHYTTA
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2010
Velledalen Idrettslag arrangerte i helga tur til Patchellhytta, og det var 30 velledalingar som fann vegen til hytta. Dei fleste gjekk frå Liasætra på Stranda, men det var også nokre som gjekk Brunstaddalen. Den yngste var 7 år, og vi er ikkje heilt sikker på kven som var eldst. Det var meininga å gå på Slogen søndag, men det måtte vi kutte ut pga. av regn, vind og skodde. Men det var tre sprekingar som gjekk opp på Slogen på laurdagen.
Både små og store hadde ein kjekk tur, og det sei vel sitt at andre på hytta trudde vi var eit revylag, men det var kanskje ikkje so rart når vi veit at Velledalen Idrettslag sitt slagord er: TRIM OG TRIVSEL.
Bilete i album.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024