Flott aktivitetskveld – sterke resultat

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2010

Det var mykje gild idrett på Dalemyra i kveld. Vi nemner at Torje Bjørneseth (9.90) spytta morellesteinen berre ti centimeter kortare enn kona Monica kasta herreslegga (10.00). Begge best i sine disiplinar.


   
   Vi nemner vidare at Lidvar Nilsen er beste spydkastaren med eit lengstekast på 30.10 (med damespyd), Per Gunnar Holmberg er raskast over 50 år på 60 meter (8.5), Kari Hjorthol beste kvinnlege hesteskokastar, Hanna Bakken beste kvinnlege morellespyttar (6,5). Dette er berre litt av ei mengde resultat som vil kome på nettsida over helga.
     
   
   
     
     
   
   I kveld tek vi med resultata frå null-løpet som samla heile 30 deltakarar. Det ligg i namnet, målet er å få minst muleg avvik (helst 0) etter å ha lagt bak seg to rundar i ei identisk løype. Dette er ein svært populær aktivitet, og krevjande, har det vist seg. Løypa denne gongen var kring 350 meter.
     
   
   
     
   
   Vinnar vart Håkon K. Brunstad, med eit avvik på 0. Håkon satsa denne gongen på lavt tempo. Han gjekk fyrsterunden på 4.05, og utruleg nok gjekk han den andre på same tid.
     
   
   
     
   
   Resultat Null-løp, dei beste vart:
     
   
   0 sekund avvik: Håkon Kjersheim Brunstad
     
   
   3 sekund avvik: Rolf Haxthow
     
   
   4 sekund avvik: Nikolai Nilsen og Elias Urke Brunstad
     
   
   5 sekund avvik: Oddbjørn Brunstad, Bård Per Erstad, Anna Hole, Ole Peder Holmberg
     
   
   6 sekund avvik: Svein Arne Nakken, Olve Bjørneseth
     
   
   7 sekund avvik: Andreas Nakken
     
   
   8 sekund avvik: Asbjørn Tandstad, Oda Natalie Brunstad, Snorre Drabløs
     
   
   10 sekund avvik: Sondre Skylstad, Anette Fet
     
   
   11 sekund avvik: Lars Urke Hjorthol, Jon Hjortdal
     
   
   12 sekund avvik: Kari Hjorthol, Sivert Nakken
     
   
   
     
   
   Meir resultat kjem seinare, mellom anna frå idrettsmerkeprøver, spydkast, sleggekast, hesteskokasting, terrengløp og morellesteinspytting.