Kven er dalen sin raskaste over 50 år og kven kastar slegga lengst?

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Aug 2010

Svara på desse og mange andre sportslege spørsmål får du om du møter fram under Aktivitetskvelden på Dalemyra fredag 20. august.



Her kan ingen skulde på ring form eller mislukka treningsleirar i ferien. Her er øvingar for alle. Morellesteinspytting kan dei fleste klare. Likeeins Null-løp. Her treng ein ikkje springe, men det gjeld å fullføre to rundar i ei løype på mest muleg lik tid.



Aktivitetskvelden er lagt opp slik at dei ulike gruppene i VIL har ansvaret for ulike aktivitetar


Trimgruppa: Idrettsmerkeprøver


Langrennsgruppa: Null-løp og Miniterrengløp


Friidrettsgruppa: Spydkast og sleggekast (kun for kvinner)


Herrane i Hovudstyret: Hesteskokasting og morellesteinspytting


Damene i Hovudstyret: Sal av stimuli (kaffi og cola med meir)


Idrettsskulestyret: Fotballkamp mellom vaksne/born og stafett vaksne/born



Tidsplanen ser slik ut:


18.30-20.00: Ulike aktivitetar pågår samstundes


20.10 Stafett vaksne/born


20.30 Fotballkamp vaksne/born



Vi gjer merksam på at sleggekastinga for kvinner denne gongen går føre seg med rett utstyr. (Sjå biletet). Frå deler av grenda vert det meldt om svulmande overarmar og stramme magebelter. Kan det endeleg bli ny klubbrekord på fredag…?


Her er det berre å sniffe inn ein høveleg dose kamfer kvelden før og kome som ein er.